SENSUELL AUTORITET

av Elin Judith Straumsvaag og Mona Knudsen (foto), Ikkevold   Pages 1, 2, 3, 4
  • Tittelmelodien Talk With Eve handlar om å gå sine eigne vegar. Å drita i konvensjoner. Å gå på tvers av grenser og å utvida dei. Rett og slett å gjera det ein har lyst til, ikkje kva ein "må". Sjølv vaks eg opp konservativt. Streite reglar for koss eg skulle leva og oppføra meg. Vanlegvis har folk gjerne ein "skrikete pubertet", for så å roa seg ned. Eg kom seint i gang, ikkje før ut i tjue åra, og eg er ikkje ferdig enno og avsluttar med ein rampete gapskratt. Tenåra mine var altfor vaksne.
  • Eg hadde behov for kontroll. Ein del av kontrollen var å gjera ting riktig. Turde ikkje røyka, drikka eller vera med på fester. Eg fikk tidleg mykje ansvar i samband med jobben som barnestjerne.

Caroline er dotter av "Putti Plutti Pott" Per Asplin og sto tidleg fram i fletter og bunda og song kulokkar.

  • Ingen andre kunne ta den jobben. På dette viset mista eg leiken med andre ungar og eg var for det meste saman med vaksne.
  • Eg har på same tid vorte utruleg sterk av dette og eg har fått mange resursar som eg kan arbeida vidare med. Det vert spanande no når eg let meg sjølv få friare tøyler. Sjå kor langt eg kan gå, kor langt eg tør strekkja meg. Og å sleppa kontrollen, ikkje minst å gi slepp på kontrollen av andre. Eg er flinkare enn nokon gong å sleppa til livet. No når eg ikkje kontrollerer så mykje ser eg at verda vert mykkje større. Oppdagar at eg har stengt ute så mykje. Eg treng slett ikkje å ta på meg ansvaret for all verdas elendigheit. Igjen vert rommet fyllt av sterk og klingande latter.

EMOSJONELT ADRENALINSPARK

  • Kva er viktigast for deg, tekst eller melodi?
  • Bodskapen er viktigast og det kjem fra i både tekst og melodi. Eg vil få fram menneskelege kjensler. Formidla. Alt kan ikkje uttrykkast med ord. Musikken forsterkar og gir ny dimensjon på kjenslene. Viss eg vil uttrykkja "smerte" så kjem eg berre til eit visst punkt og folk mottek det gjerne intellektuelt. Skrik eg derimot, så kjenner folk det i magan. Eg vil ruska folk opp med rota. Eg ønskjer å involvera folk emosjonelt, og ikkje at dei berre skal studera eit fenomen itafor seg sjølve.
  • Er møtet med publikum viktig for deg?
  • Det er eit enormt adrenalinkick. Ein treng ikkje dop på scena! All den merksemda, varmen, entusiasmen og energien som strøymer frå publikum på ei og same ti er fenomenal. Eg vert rolegare di fleire som høyrer på. Eg vert meir og meir utilpass di færre publikum er. Vi artistar er heldige der: Folk flest søkjer tilhørigheit, at energien flyt fritt mellom folk. Det vera seg i religionen eller i dopen.
  • Eg føler at det skjer for meg på scena. Når det kokar i salen og eg gir og gir, så får eg og så mykje attende. Det er som ein symbiose. Eg tek del i ein mykje større einskap. Det er ikkje berre musikken som gjer at dette skjer, det er og det at folk kjener seg att og med det får ta del i heilskapen. Eg opplever det sterkt på scena, men eg opplever det i naturen med.