FRÅ BARNESTJERNE TIL MULTIKUNSTNER

av Roald Helgheim, DAG OG TID   Side 1, 2
Caroline Waters Mixes Music With Healing

Utan musikk hadde eg ikkje kunna leve, seier Caroline Waters.

Fødd Caroline Asplin i 1966 debuterte ho som toåring med faren Per Asplin i julefilmen Putti Plutti Pott. Per Asplin spela piano som Nat King Cole og song som Frank Sinatra, skriv Caroline Waters. Han var også medlem av The monn Keys, truleg den beste vokalgruppa nasjonen har hatt. Med han og Riksteateret var Caroline på vegen som skodespelar og songar i inn- og utland, starten på ein karriere som gjer at ho idag også kan kalle seg filmkomponist, plateartist og forfattar. Det nye soloalbumet Exposed er det femte sidan debuten Compassion i 1992. Samstundes kjem Being Totally Alive frå 2008 ut på nytt.

- Du har mange jarn i elden, men er musikken viktigast?
- Eg kallar meg kunstnar, men utan musikken hadde eg ikkje greidd å leve, seier Waters.

Ho skulle bli lege, men vart atten år gammal overkøyrd på sykkel og så hardt skadd at det tok mange år før ho fekk att talens bru og vart arbeidsfør og byrja på eit nytt liv.

- Faren din var ein habil jazzmusikar. Kva er ditt tilhøve til jazz?

- Ella Fitzgerald var ein del av oppveksten min, ho og Nat King Cole syng den typen jazz eg likar. All Jareau er også ein stor favoritt.

På det nye albumet syng Waters til eige gitarkomp både eigne songar og andre som har hatt mykje å seie for henne.

- Det er songar av Joni Mitchell, Suzanne Vega, Leonard Cohen og Gershwins "Summertime". Gjennom dei kunne eg uttrykkje all sorg og angst. I periodar har eg hatt det gjævlig, livet har gått frå høge fjell til djupe dalar.
- Kva om livet hadde teke ein annan veg og du hadde blitt lege?
- Eg trur ikkje det var meininga at eg skulle bli det. Men eg opplever at eg fullt ut har fått bruke en evna eg har til å kommunisere kjensler. Det har hatt mykje å seie.
- Og no er du også forfattar?
- Det er ein sjølbiografisk roman som heiter Finding Venus og handlar om den ytre og indre reisa for å kome attende til livet. Bestevenninna mi vart borte i Nevada-ørkenen. Det har teke meg tjue år å skrive boka. Eg hadde bestemt meg for aldri meir å lage musikal, men så skreiv eg ein musikalkomedie med tittelen "Queen of Clubs" og gjekk på ei scene i Hollywood, der eg var dronning Caroline.

Caroline Waters vart landets yngste musikalske ambassadør for internasjonale arrangementer og var også i Lausanne i 1982.